Bilfinger Industrial Services Norway AS

Navigation
Meldungen Detail

Lærling Tobias klar for NM

31.07.2018

Lærlingen håpar å bli blant dei beste i norgesmeisterskapen for yrkesfag

Tobias Bueie frå Svelgen skal konkurrere i NM for yrkesfag. –Eg håpar på å gjere det bra, sier han.

18 åringen frå Svelgen har frå før to sigrar i fylkesmeisterskap, og ifølgje han sjølv er han eit skikkelig konkurransemenneske.

Eg såg at det skulle være NM og heiv meg rundt. Eg er glad i å konkurrere, ler han. Bueie fortel at han måtte sende inn både teoretisk og praktiske prøver til ein jury i Oslo, som deretter plukka ut dei seks beste finalistane. No er han klar for finale på Hellerudsletta i Oslo 23.oktober

Til dagleg er Tobias Bueie lærling hos Bilfinger Industrial Services i Svelgen, kor han jobber som Industrimekanikar. –Eg elskar jobben min og koser meg, så blir det oppladning til finalen, fortel han, og legger ikkje skjul på at han har trua på å gjere det bra.

-Eg veit lite om dei eg skal konkurrere med, men har trua på at eg kan nå langt likevel sier han.